Trener introkurs

is-maal

is-maal

I løpet av denne sesongen skal det avviklast ulike trenarkurs i regi av RIHK. Herunder kan de sjå meir om kvart enkelt kurs. Istidene til kursa er sette, og invitasjon til kvart respektive kurs vil koma etter kvart. Fint om de kan byrja å orientera aktuelle kandidatar i klubbane allereie no.

Alle kursa er i regi av RIHK, leia av Kjell Erik Myreng, med istider i Stavanger.

Introkurs 1:
Forkunnskap: ingen påkravde, men er fordel med erfaring på is med born mellom U7-U10.
Omfang: 1 dag med 3 timar is og 5 timar teori.
Innhald: kurset er retta mot trenarar som skal ha born i alderen U8-U10 på isen. kurset tek føre seg korleis ein skal leggja til rette for lagbygging, tekniske øvingar, turneringsspel, planlegge treningar og liknande.
Tid: 23.10.2016.

>> Påmelding her

Introkurs 2:
Forkunnskap: Introkurs 2.
Omfang: 1 dag med to timar på is + teori.

Innhald: Dette er eit nytt tilbod av sesongen. Det bygger vidare på kunnskap som vert tileigne ved introkurset.

Fokuset er å sjå på eigne erfaringar på is/i garderobe frå sist kurs til no.
Tid: 21.01.2017

Hockeyskulekurs:
Forkunnskap: ingen påkravde.
Omfang: 1 dag med 2 timar på is dagleg og to timar teori.

Innhald: Dette kurset er og nytt for året. Dette gjeld alle som skal vera på is saman med hockeyskule, anten som trenar eller engasjerte foreldre som ynskjer å hjelpa til. Her vert det innføring i sporten, korleis leik vert læring, disponering av tid, progresjon og liknande.
Tid: 06.11.2016